Beste norske 2018-2020 er eit prosjekt i regi av Lom folkebibliotek. Vi har engasjert fire av våre fremste litteraturkritikarar til å kåre dei 15 beste norske skjønnlitterære utgjevingane frå 2018 til 2020. Bernhard Ellefsen, Anne Merethe K. Prinos, Margunn Vikingstad og Janneken Øverland står for utvalet.
Sist endret 10.09.2021 15.27
67 bibliotek rundt om i landet deltek i prosjektet. Biblioteka formidlar bøkene gjennom utstillingar, lesekampanjer og arrangement. Kvar veke frå 6. september til 13. desember blir ei av bøkene presentert med omtaler av kritikarane.
«Beste norske 2018-2020» er ei vidareføring av klassikar-prosjektet som Lom folkebibliotek gjennomførte i 2019. I dette prosjektet kåra litteraturkritikarane dei 25 bøkene frå 2013-2017 med størst klassikarpotensial.
Vi håpar at folk rundt om i heile landet blir med på «Beste norske 2018-2020». Det hadde vore stor stas om vi får til landets største lesesirkel på facebooksida der folk kastar seg frampå og diskuterer bøkene og utvalet.
Velkomne med til å lesa den beste, nye norske litteraturen.